NAV Arbeidslivssenter Vestland (NAVAS) er eit ressurs- og kompetansesenter for eit inkluderande arbeidsliv. Senter for jobbmestring er organisatorisk knytta til NAVAS.
NAV Arbeidslivssenter Vestland er eit viktig verkemiddel for å nå måla i Intensjonsavtala om eit meir inkluderande arbeidsliv (også kalla IA-avtala) for perioda 1. januar 2019 til 31. desember 2022.
NAV Arbeidslivssenter Vestland bistår verksemder i fylket. Dei over 50 rådgjeverane har mellom anna kompetanse på leiing og organisasjon, prosjektleiing, sjukefråværsoppfølging, tilrettelegging for personar med redusert funksjonsevne, helsefremmande arbeidsplassar, førebyggjande arbeidsmiljøarbeid, arbeid og psykisk helse og livsfasepolitikk.
Alle verksemder kan benytte seg av tilbodet til NAV Arbeidslivssenter. Kontakten rettar seg fyrst og fremst mot leiarar, tillitsvalde og verneombod.
Senter for jobbmestring tilbyr arbeidsretta kongnitiv terapi til personar med angst og/eller depresjon, kombinert med individuell jobbstøtte. Senteret består av psykologar og teamleiar er psykologspesialist Marianne Misje. Dei samarbeider med jobbspesialistar. Senter for jobbmestring held til i Bergen. Tilbodet er gratis.
Kontaktopplysninger på ansatte ved NAVAS
Kontaktinformasjon NAVAS