Dugnaden involverer mellom anna NAV, partane i arbeidslivet, arbeidsgivarar, utdannings- og helseinstansar, og ikkje minst dei som sjølv står på utsida av arbeidslivet.
Regjeringen.no sin nettside om inkluderingsdugnanden
Tre hovudområde
Inkluderingsdugnaden har tre innsatsområde: Redusert risiko ved å tilsette, arbeid og psykisk helse og bedre høve til opplæring.
For NAV handlar inkluderingsdugnaden om å spisse innsatsen vår retta mot samarbeidspartane:
• Samarbeid med arbeidsgivar
• Samarbeid arbeid og helse
• Samarbeid arbeid og utdanning
Lokal satsing
Arbeidsinkludering er ein av NAV Vestland sine kjerneaktivitetar, og noko vi jobbar med kvar dag. Målgruppene for inkluderingsdugnaden er unge under 30 år som har behov for hjelp til å kome i jobb, flyktningar/innvandrarar frå landgruppe 3, og personar med nedsett funksjonsevne.
NAV kontora i Vestland har
marknadskontaktar som kan kontaktas av verksemder som ynskjer å bidra til arbeidsinkludering av dei som står eit stykke frå arbeidsmarknaden.
Statlege verksemder i Bergen kan få konkret hjelp til inkluderingsdugnaden frå NAV Bergenhus.
Les meir om NAV sitt tilbod til statlege verksemder i Bergen
Sjå også
Veiviser til inkludering
Inkluderande samarbeidsavtalar
Et godt verkemiddel for rekruttering og inkludering er å inngå samarbeidsavtalar mellom NAV og næringsliv. Avtalar kan vere nasjonale og inngått sentralt av Arbeids- og velferdsdirektoratet, eller det kan vere lokale avtalar gjeldande for Vestland fylke.
Samarbeidsavtalene skal bidra til at dei prioriterte gruppene enklare kjem inn i arbeidslivet. Det betyr at dei som er eit stykke unna arbeidsmarknaden får sjansen til varig jobb via kvalifisering og tilsetting gjennom bruk av NAV sine verkemiddel etter behov.
Støtte til arbeidsgivarar
NAV Vestland kan understøtte arbeidsgivarar som bidreg til arbeidsinkludering både fagleg og økonomisk. NAV har støtteordningar som skal kompensera for lågare verdiskapingsevne samt støtteordningar ved behov for ekstra oppfølging/opplæring og utgifter til tilrettelegging:
Lønnstilskudd,
mentor,
inkluderingstilskudd.