Dei vel 100 deltakarane fekk høyre ulike sider og tolkingar av begrepet s
kaparkraft i dei mange innlegga gjennom dagen, både frå det lokale næringslivet, frå forsking og gjennom eit motiverande avslutningsforedrag med talkshowdronninga Anne Lindmo.
Konferansen er eit samarbeidsprosjekt mellom lokale fagorganisasjonar, det lokale næringslivet i Sunnhordland og offentlege aktørar, som NAV Arbeidslivssenter, Bømlo kommune og Høgskulen på Vestlandet.
Samtale om JobbLoop
Gjennom JobbLoop-samarbeidet går skaparkrafta ut på at det lokale næringslivet, NAV og lokale ungdom finn saman for å skapa ein arena for læring, meistring og utvikling, sa marknadskoordinator i NAV Sunnhordland Sindre Vikanes frå podiet. Vikanes leia eit panel, der to av deltakarverksemdene, Dalen FUS, ved Elisabeth Totland og Wartsila, ved Istvan Vørøs, deltok saman med loopkoordinator ved NAV Arbeidslivssenter Frank Odd Pettersen. I eit panel samtala dei om korleis det har vore å jobba saman i dette prosjektet, kva ein har fått til og kva som har vore utfordrande.
JobbLoop skapar endring
- Når ein ser ein ung og usikker kandidat, forandre seg og bli målretta – og har funne sin plass i arbeidslivet, då veit ein at ein har vore med på noko stort, sa Elisabeth Totland frå Dalen Fus barnehage.
Ho representerte dei tre deltakarverksemdene i
Barnehageloopen, Nordbygdo FUS, Sagvåg Maritime FUS og Dalen FUS, som no har hatt fire ungdommar innom i løpet av åtte månader. To av desse er no klare for utdanning og ordinært arbeid.
Istvan Vørøs frå Wartsila trekte fram at Loop-deltakarane har jobba i lag med lærlingane i verksemda – og at lærlingane har sett stor pris på å utgjere eit trygt og triveleg læringsmiljø for andre ungdom. I
Industriloopen, som består av Wãrtsila, Leirvik AS og Kværner, har dei erfart både at ein har måtta avslutta og at ungdommen har gått over i annan aktivitet, men også at ein av kandidatane har kvalifisert seg og fått lærlingplass i ei loopverksemd.
Det at ungdom bruker erfaringane frå loopen og veljar skulegong eller anna type arbeid, er også ei utvikling me ser som positiv, seier loopkoordinator for
Industriloopen, Frank Odd Pettersen, det handlar om å modnast og finne ut kva ein vil, innanfor trygge rammer, slik jobbloopen er.
Dei tre paneldeltakarane var einige om at denne måten å jobba på kan væra både utfordrande og tidkrevjande, men at verksemdene sjølv held ei hand på rattet og kjenner eigarskap til prosjektet er ein stor fordel.
Av Siri Torvestad Nerheim