Sjå programmet og meld deg på her
Samhandlingskraft - lokalt engasjement mot globalt marknad er tittel på årets konferanse.
I år er det altså samhandlingskraft som står i sentrum for SunnPodium. Me står midt oppe i store regionale strukturendringar med kommune- og fylkessamanslåingar. Det lokale engasjementet er stort både på Bømlo, Stord, Fitjar, Sveio, Haugesund, Karmøy, Etne, Tysnes og Kvinnherad. Er me flinke nok til å jobbe saman som region for å få det beste ut av kvarandre og vinne den nasjonale og globale marknaden?
Sunnpodium presenterer eit spenstig, morosamt og inspirerande program, som vil ta opp korleis regionen kan få samhandlingskraft frå forskjellige utgangspunkt og vinklar.
Konferansen er blitt til i samarbeid mellom ein rekkje organisasjonar, forbund og institusjonar på Vestlandet.