Meld deg på her
NAV Sunnhordland og NAV Arbeidslivssenter arrangerte den fyrste nettverkssamlinga i vår. Frammøte var svært bra, og no er det klart for eit nytt møte.
Tema denne gongen er arbeid og psykisk helse. Me vil gje deg:
- Kunnskap om kva som bidreg til god psykisk helse på arbeidsplassen og kva leiarar, tillitsvalde og arbeidstakar kan gjera.
- Ei historie frå røynda - Magdalena Krossgått frå NAV fortel om vegen tilbake i jobb etter mange år på utsida.
Krossgått vil også gje råd og tips til leiarar som er usikre på korleis dei skal møte tilsette med psyksiske helseutfordringar.
Møte er gratis. Det blire enkel servering med kaffe og frukt.