Meld deg på eit IA-webinar
No kan du sjå IA-webinarane når det passar deg.
Kva er eit IA-webinar?
Eit IA-webinar er eit nettbasert kurs eller seminar. Alt du treng for å delta er ei datamaskin/nettbrett med internett, hovudtelefonar eller høgtalar.
Kva skjer på IA-webinaret?
På IA-webinaret vil ein IA-rådgjevar halde ein presentasjon. Du vil sjå lysarka til presentasjonen og høyre IA-rådgjevaren sin presentasjon.
Kan eg stille spørsmål under IA-webinaret?
Ja, det er mogeleg å stille spørsmål undervegs via chat-funksjonen. Vi svarer så raskt vi kan, evt. etterpå dersom det ikkje let seg gjere å svare via chat.
Korleis deltek eg?
Du melder deg på IA-webinaret på
her
I forkant av IA-webinaret vil du få ein e-post med informasjon om korleis du loggar deg på. E-posten vil også innehalde kontaktinformasjon til ein som kan hjelpe deg med oppkopling, dersom du har behov for det.
Anbefalingar
VI rådar til at du koplar deg på i god tid før IA-webinaret startar, slik at du får sjekke at det tekniske, inklusive lyd, fungerer. Dersom du får spørsmål eller melding om installasjon av eit tilleggsprogram er det viktig å installere dette.