Førre kvartal kunne NAV Hordaland melde om at det ikkje hadde vore målt så lågt sjukefråvær i Hordaland sidan NAV starta med denne typen målingar for 10 år sidan. Den positive tendensen held seg, sjølv om den er svakare no enn i førre kvartal.
Lågt utdanningsnivå skapar utfordringar
Fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen noterar seg at det er i kommunane med høg arbeidsløyse at sjukefråværet òg er høgst. Høgst sjukefråvær finn vi i kommunane Sund (7,4 %), Øygarden (7,1%) og Vaksdal (6,8 %). Lågast er sjukefråværet i Ullensvang (4,0 %) og Voss (4,5 %).
– Det er dei kommunane med generelle levekårsutfordringar som ser ut til å verte hardast ramma. Det er interessant å sjå på dette i ein større samanheng. Det handlar gjerne om at dei som bur i kommunar som scorar dårleg på levekårsundersøkingar, ofte har lågt utdanningsnivå. Når dei blir ramma av nedgang i arbeidsmarknaden, hjelp det ikkje om dei er mobile dersom det ikkje finst jobbar for dei utan utdanning andre stadar, seier Johansen.
Fylkesdirektøren understreker kor viktig det er å fullføre minst vidaregåande utdanning for å unngå arbeidsløyse, sjukefråvær, uføretrygd og utanforskap.
– Å ikkje fullføre ein form for utdanning kan få permanente konsekvensar. Det er vanskeleg å bryte mønsteret når fleire og fleire jobbar krev formell kompetanse, seier Johansen.
Høgst sjukefråvær blant unge
Sjukefråværet aukar bare i aldersgruppa 16-29 år, medan det går aller mest ned blant dei mellom 50-59 år. Sjukefråværet er høgst innan helse- og sosialtenestar (7,6 %), medan det er lågast innan informasjon og kommunikasjon (3,2 %).
Muskel- og skjelettplagar er årsaka til flest sjukmeldingar i Hordaland.
Om lag 19,6 prosent av sjukmeldingane i fylket var graderte dette kvartalet. Hordaland, Rogaland og Oslo har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet.
Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 6,2 prosent. Det viser nye sesong- og influensajusterte tal. Det var ein auke i det eigenmeldte sjukefråværet på 2,1 prosent, medan det legemeldte heldt seg stabilt. Samla var det ein nedgang på 0,3 prosent.